Det lyser i stille grender
Det Norske Jentekor, Tord Gustavsen, Anne Karin Sundal-Ask, Jakob Sande2020年11月13日Det lyser i stille grender 歌詞
Det lyser i stille grender - Det Norske Jentekor
Composed by:Jakob Sande/Lars Søraas d.y./Henning Sommerro
Produced by:Morten Lindberg
Det lyser i stille grender
Av tindrende ljos i kveld
Og tusene barne hender
Mot himmelen ljosa held
Og glade med song dei helsar
Sin broder i himmelhall
Som kom og vart heimsens Frelsar
Som barn i ein vesal stall
Der låg han med høy til pute
Og gret på si ringe seng
Med englane song der ute
På Betlehems aude eng
Der song dei for første gongen
Ved natt over Davids by
Den evige himmelsongen
Som alltid er ung og ny
Den songen som atter tonar
Med jubel kvar julenatt
Om barnet Guds son vår sonnar
Som døden for evig batt
For evig batt
For evig batt