收聽Sissel Kyrkjebo的Vestland, Vestland歌詞歌曲

Vestland, Vestland

Sissel Kyrkjebo2001年11月5日

Vestland, Vestland 歌詞

Å Vestland, Vestland! Når eg ser deg slik

Med fagre fjell og fjord og tronge vik,

 

Det stig i all sin venleik stort og vilt

 

Og atter møter meg så mjukt og mildt.

 

Og gleda strøymer i meg still og stor

 

Med glans av bjørkeli og blåe fjord.

 

Og i meg sjølv eg kjenner dypter av

 

Den stille skogen og det store hav.

 

Min lette båt ein solblank kveld eg ror,

 

Sjå fjell og himil sym på stille fjord,

 

Og djupe dalen med sitt grøne fang,

 

Som skin av lauv og blom frå lid og vang.

 

Sjå skuggane som kliv dei kvasse fjell,

 

Lik dagsens timar tøyer seg mot kveld.

 

Det sveiper seg umtind og tronge dal

 

Eit draumeslør av sumarnatti sval.