Listen to Norrønaprogen (Explicit) song with lyrics from Solefald

Norrønaprogen (Explicit)

Solefald27 Oct 2014

Norrønaprogen (Explicit) Lyrics

 

Norrønaprogen (Explicit) - Solefald

Written by:Olav Aukrust/Solefald

Tvisyn fekk tak i

Det høhe det låge

Rælet og rauvi

Arvesylvet baki

Tvisyn tek saki

Å bosta dusten

Av vinje venen

Og skalde aukrusten

 

Tvisyn ser saki

Hønstre og vegre

Frå midt på treet

Og sidone tri

Tvisyn tek tak i

Sitt kvervande vidsyn

Vil gjera sitt einsyn

Til eit blenjande trisyn

 

Kvar hev det vorte av ljodet som ljoma

I hjartom so jordi gjekk fram att ny

Åndi som ovra seg ordet so oma

Ørni som skar gjenom skinande sky

Kvar er den sigrande allkjærleiks hugen

Som blømde ein gong gjenom

Blodeim og brand

Og kvar er den urædde norrønahugen

Som vilde og våga og gjekk på og vann

Kvar hev det vorte av hugen som sprengjer

Eg ser ikkje sprøyt utav hjarteblod

 

Kvar hev det vorte av kloi som flengjer

Eg ser ikkje hogg etter ørneklo

Visst er det mun i at målet er gullgodt

Arven vår urøyvd og folket vårt fritt

Men nok er det ikkje at sverdet er fullgodt

Kann du'kje svinge det er det 'kje ditt

 

Hovding som leika med tri sverd i lufti

Blånande blanke og oddane upp

Dans utpå årom og menn innpå tufti

Vågspel i storm over hyljande djup

 

Hovding som leika med tri sverd i lufti

Blånande blanke og oddane upp

Dans utpå årom og menn innpå tufti

Vågspel i storm over hyljande djup

 

Elden som logar

Løynd allra inst

 

Ein stad i natti

Veit eg han finst

Skirast brenn han

I viddevinden

 

Klårast skin han

På borgtinden

 

Kjensla frå fjelli

Stormar i hugen

Dreg meg burt

Frå stillstandsmugen

Lat meg brusa

Bresta og trå

 

Du er æva

Eg venta på

 

Tvihugen kvir seg og halvhugen skvetten

 

Rid ut på vegen og tor' ikkje fram

 

Veikhugen vik for ein holmgang med vetten

 

Slikt er då meir enn halvonnor skam

 

Urred og rak stod den gjæving på føtom

 

Som våga sin von i ein strålande strid

 

Då song det i hjarta då saud det i røtom

 

Sterk i si tru stod han einfengd og fri

 

Då song det i hjarta då saud det i røtom

 

Sterk i si tru stod han einfengd og fri

 

Desse som likar eit lystande løynand'

 

Lat dei no liggje og røyte med sitt

 

Kvar den som vil seg eit hardsaste røynand'

 

Fat no sverdet og svinge det fritt

 

Ris upp og ro ut i strålande stormen

 

Stå 'kje og sei at det finst ikkje råd

 

Endå rundt verdi lig midgardsormen

 

Endå so veit me at uråd er råd

 

Desse som likar eit lystande løynand'

Lat dei no liggje og røyte med sitt

Kvar den som vil seg eit hardsaste røynand'

Fat no sverdet og svinge det fritt

Ris upp og ro ut i strålande stormen

Stå 'kje og sei at det finst ikkje råd

Endå rundt verdi lig midgardsormen

Endå so veit me at uråd er råd

 

Det store det fre det

Mystiske ljodet

Klangen i bila som rustar på vegg

Må vakne i kjensla og fengje i blodet

So viljen vår ris upp med kløyvande egg

 

Det store det fre det

Mystiske ljodet

Klangen i bila som rustar på vegg

Må vakne i kjensla og fengje i blodet

So viljen vår ris upp med kløyvande egg

Spenne no vil me

Femtande veggen

Sprengje no lyt me den småfre form

Og fram etter storfagre skinande eggen

Um det so òg vert i rjukande storm

 

Høgfjelli lyser so glitrande grøne

Fossande fjellvatnet bryt ut med magt

Fram skal det springe det nye norrøne

I rytme med stålklang og hallingtakt

Spring ut som rosor of runer i svellet

Spring ut i sjodande midnattmystik

Spring ut som uppkoma blank uppi fjellet

Spring ut i vilje og ståklædd lyrik

 

Millom draumrenningar

Vilde tvisyn veva

Skriva i sanntid

Og i samtidi leva

Fly frå det by norske

Bore gjenom juvi

Til det bygde norske

Ved tindeføtene

 

Kliva det berg norske

Mot himmelvarden

Og det myte norske

Attende til kjeldune

Ein mytomann

Lyt fylgja kallet

Å nækja seg sjølv

For å klæda deim alle

 

Det store det fre det mystiske ljodet

 

Det store det fre det mystiske ljodet

 

Klangen i bila som rustar på vegg

 

 

Må vakne i kjensla og fengje i blodet

Popular Songs