收聽Sissel Kyrkjebo的Våren歌詞歌曲

Våren

Sissel Kyrkjebo2001年11月5日

Våren 歌詞

Varen - Sissel Kyrkjebo

Enno ein Gong fekk eg Vetren å sjå

 

For Våren å røma

 

Heggen med Tre som der blomar var på

 

Eg atter såg bløma

 

Enno ein Gong fekk eg Isen å sjå

Frå Landet å fljota

 

Snjoen å bråna og Fossen i Å

 

Å fyssa og brjota

 

Graset det grøne eg enno ein Gong

 

Fekk skoda med Blomar

 

Enno eg høyrde at Vårfuglen song

 

Mot Sol og mot Sumar

 

Eingong eg sjølv i den vårlege Eim

 

Som mettar mit Auga

 

Eingong eg der vil meg finna ein Heim

 

Og symjande lauga

 

Alt det som Våren imøte meg bar

 

Og Blomen eg plukka

 

Federnes Ånder eg trudde det var

Som dansa og sukka

 

Derfor eg fann millom Bjørkar og Bar

I Våren ei Gåta

 

Derfor det Ljod i den Fløyta eg skar

 

 

Meg tyktes å gråta